Teknisk gjennomføring og underhaldning
I år har elevar ved Bø ungdomsskule eit stort ansvar for gjennomføringa av Barnas Dag. Dei skal stå for både aktivitetar, teknisk gjennomføring og underhaldning.
Bø Røde Kors har arrangert Barnas Dag sidan 1975. Det er framleis Røde Kors som står bak arrangementet, men no har det henta inn unge krefter til å vere med på sjølve gjennomføringa.
Det er elevar i niandeklasse som har valfaget innsats for andre og tiande-klassingar som har sal og scene som fag som skal vere med.
– I fjor var elevane som har innsats for andre med på arrangementet, men i år skal dei vere medarrangørar, fortel lærar Siren Øyan Kulbeck.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.