170914-Seniornett-på-biblioteket-1

Seniorar på surfekurs

Fyrste samling på biblioteket lovar godt, meiner Tore Bjørn Pettersen (framme t.v.) i Seniornett. Vidare f.v. Inger Lise Haugland, Gunvor Fossheim, Laila Ruth Holtan, Margit Lahus, Kjell Erikstein, Reidun Holtmon, Gunvor Bærhaugen, Olav Kjell Dyrud og Ragnar Tveitan. Foto: Gro B. Røiland

For den som er usikker på bruk av nettbrett og smarttelefon, er det hjelp å få. Kvar onsdag fram mot jul stiller rettleiarar frå Seniornett opp for å undervise i bruk av digitale verktøy.

Tore Bjørn Pettersen er lokal leiar både for prosjektet Digital senior, som er eit landsomfattande pilotprosjekt i regi av Røde Kors, og foreininga Seniornett i Bø.

Opplæringstilbodet på biblioteket er gratis og ope for alle, og blir arrangert i samarbeid med Bø kommune. Her kan seniorane lære om bruk av nettbrett og smarttelefon til nettbank, offentlege tenester og informasjon. Pettersen er også opptatt av at nettbrett kan bli brukt til underhaldning, alt frå musikk og film til radio og tv.

– Skal ein bli god på nettbrett, bør ein bruke det dei fleste dagane i veka, seier Pettersen.

Les meir om surfekurset i papiravisa eller kjøp avisa digital på buyandread.no