rådmann Åse Egeland
rådmann Åse Egeland

– Leiarlønningar heilt på snittet

Har spart pengar. Rådmann Åse Egeland meiner ein har spart ein million kroner på å redusere talet på sjefar, sjølv om dei som er att har fått høgare løn.

Ordførarløn ikkje knytt til rådmannsløn

– Nei, ordføraren si løn er ikkje ein del av rådmannens løn. Det har det aldri vore i mi tid. Det er knytt til stortingsrepresentanten si løn.

Det sa ordførar Olav Kasland i ein debatt om leiarlønningane i Bø kommune før kommunestyremøtet måndag. Etter to saker i avisa Varden om lønsauken til rådmann Åse Egeland og kommunalsjefane i Bø og Sauherad i førre veke vart det orientert om saka i kommunestyremøtet.

Det var Arvid Hagen (Ap) som stilte spørsmål ved om det var samanheng mellom godtgjeringa til ordføraren og løna til rådmannen. Det vart altså avvist.

Kasland meinte elles at rådmannen ikkje var overprisa. Han sa at dersom ein skulle lyse ut stillinga og tilsetje ny rådmann ville ein måtte betale løn minst i den størrelsen det er snakk om.

Rådmannen i Bø og Sauherad har ei løn på 862.500 kroner. I tillegg har ho 200.000 kroner, 100.000 kroner frå kvar av dei to kommunane for å vere øvste administrative leiaren for arbeidet med å slå saman dei to kommunane.

I følgje ordføraren låg lønningane i Bø under dei i Sauherad då ein tok til å harmonisere dei i arbeidet med å slå dei to kommunane saman.

Alt i alt meiner Egeland at det er spart ein million kroner på å redusere talet på sjefar i kommunane, trass i at dei sjefane som er att har gått opp i løn.

Les meir om leiarlønningar og ekstra fridagar til kommunetoppane i avisa torsdag.