Telemark Byggentreprenør Nevestveit, Verpe og Norheim 12. sept 2017 1.JPG

Skal byggje på Brenna

Byggjer nytt. Telemark Byggentreprenør dreg snart i gang bygging av nytt hus til seg sjølv på Brenna. F.v. dagleg leiar Tor Magne Nevestveit, prosjektleiar Sigmund Verpe og prosjektleiar Dan Norheim. Foto: Øystein Akselberg

Telemark Byggentreprenør AS (TBE) har berre halvtanna år på baken, men har hatt ei rivande utvikling heilt frå starten. I fjor omsette firmaet for 26 millionar kroner. I år reknar dei med å kome opp i fantastiske 80 millionar kroner, og no treng dei meir plass. TBE leiger i dag lokale i andre etasje hjå Laskemoen Eiendom som hittil har vore einaste aktør i Midt-Telemark Næringspark på Brenna.
– Me har kjøpt nabotomta og skal setje opp vårt eige bygg i to etasjar der, seier dagleg leiar Tor Magne Nevestveit i TBE.

Tomta er på 2,5 mål og prisen er i underkant av 1,4 millionar kroner. TBE blir dermed den andre aktøren med fysisk bygg i næringsparken. Tomta ligg vendt ut mot riksvegen.
– Utfordringa blir å få tid til å byggje vårt eige innimellom alt anna me byggjer, seier Nevestveit med eit smil, og legg til at oppstart blir innan eitt til to år.