170928-Kroa-Kine-Kronkvist-og-Dita-Pruse-2

Inviterer ungdom under 18 år til Kroa

På konserten med Nico & Vinz blir mesaninen reservert unge under 18 år, fortel Kine Kronkvist og Dita Pruse på Kroa i Bø. Foto: Gro B. Røiland

På to konsertar i haust kan unge under 18 år gå på Kroa utan verje. Når Arif & Unge Ferrari og Nico & Vinz spelar i Bø vil mesaninen vera reservert for dei yngste.

Den alkoholfrie «Ungdomsklubben» på mesaninen blir fysisk skilt frå resten av Kroa og det eldre kropublikummet. Her vil det vera plass til 120 personar.

– Det blir eigen inngang og eigne toalett for dei som ikkje skal ned i salen. Me kjem til å ha vakt i døra og vakt som går rundt på mesaninen, seier leiar i Kro & Kultur, Dita Pruse.

Arif & Unge Ferrari spelar på Kroa 7. oktober, mens Nico & Vinz kjem til Bø 25. oktober.

– Me ser at me har artistar som mange yngre ungdom vil ha glede av å sjå. Det kan vera høgare terskel for å komme hit viss ein må ha med verje, seier Kine Kronkvist, dagleg leiar for Kroa i Bø.

Les meir om det nye tilbodet i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.no