fylling-ved-aukland-2

Sørlandsbanen opnar igjen tysdag

Leire i grunnen. Det er oppdaga leire i grunnen under skinnegangen og opninga av Sørlandsbanen til Kristiansand er utsett. Foto: Roy Ramsland/Bane NOR

Oppdaga leire i grunnen

– Oppryddingsarbeidet tek lenger tid enn ein først trudde, melder Bane Nor i ei pressemelding.

Det står at fyllinga ved Aukland må byggjast opp att. Derfor blir det buss mellom Vennesla og Kristiansand fram til tysdag.

Områdedirektør Stian Wesøy i Bane Nor opplyser at fyllinga står på leire og ein må først grave seg ned og undersøkje om det eventuelt er kvikkleire. Dersom leirgrunnen ikkje blir for utfordrande blir strekninga opna tysdag morgon.