Ulukke-Seljordsvatnet-121017-foto-Halvor-Ulvenes

Tragisk ulykke rammar Bø

Stor redningsaksjon: Eit stort apparat blei sett i gang ved 14-tida torsdag etter ein båt med seks personar ombord kantra i Seljordsvatnet. Foto: Halvor Ulvenes, Varden.

To unge menn frå Bø er bekrefta omkomne etter ei tragisk båtulykke på Seljordsvatnet i går. Ein tredje person, også frå Bø, er fortsatt sakna. Ulykka rammar lokalsamfunna både i Bø og Lunde hardt.

Det var ved 14-tida torsdag ettermiddag at ein båt med seks personar, alle tilknytt Nome og Bø vaksenopplæring, kantra på Seljordsvatnet mellom Vesleøy og Storøy rett overfor Garvikstrondi camping. Det skal ha vore fem elevar og ein lærar i båten, alle busett i Bø. Tre av personane klarte å ta seg til land og blei redda, medan to menn på 19 og 20 år blei sidan funne i vatnet av redningspersonell. Begge blei frakta til Rikshospitalet, men blei seinare bekrefta omkomne. Den sjette personen er fortsatt sakna. Det er etter det me forstår læraren. Det er blitt leita etter personen utover kvelden og natta. Politiet melder fredag morgon at det ikkje er gjort noko funn av den siste sakna personen.

Det blir bekrefta frå vaksenopplæringa i Nome og Bø at dei seks var tilknytta skulen og at dei var på tur i privat regi. Det har blitt opplyst at det var sterk vind i området da ulykka skjedde.

Det er sett ned kriseteam i alle dei tre involverte kommunane i samband med ulukka. I Seljord der ulykka skjedde, i Bø der dei seks involverte er busett og i Nome der dei jobba og gjekk på skule.