151012-FS-Sauheard-03-

Startar planlegginga av ny skule

Skal rivast. Deler av den gamle skule skal rivast. Ein håpar at den kan stå til den nye skulen er ferdig.

Håpar å unngå midlertidige lokale

Når arbeidet med å planlegge ny skule i Sauherad startar er eit av måla å klare bygginga utan å måtte rive den gamle delen først. Kva kostnadane blir er ikkje klart, men det er sett av 206 millionar kroner i økonomiplanen.

Sauherad kommunestyre vedtok å byggje ny skule i 2015. Ordførar Mette Haugholt seier at det skal byggjast eit nytt bygg for femte til tiande klasse. Dessutan skal det byggjast eit fellesbygg som blant anna skal innehalde fellestenester og kulturskule.

I følgje vedtaket skal også idrettshallen/gymsalen byggjast på. Bygget som første til fjerde klasse held til i var ferdig i 1998 og skal byggast om litt for å passe til den nye anlegget. Den gamle delen mot vegen som femte til tiande held til i i dag skal rivast.