171012-Bø-countryklubb-1

Frå gravøl til konsert

Tre feler. Aud Mari Stenstad, Kirsti Hegna og Anne Kirsti Sanda Torekåsa i Bø countryklubb inviterer til konsert med tre feler og tre spelemenn i fiskelagshytta på Oterholt.

Hardingfeler for fyrste gong

For fyrste gong er hardingfela hovudinstrument når Bø countryklubb inviterer til konsert. Eller hardingfeler, for det blir tre spelemenn og tre feler i sving denne kvelden.

Når dei fyrst skulle innlemme hardingfela i programmet, har dei gjort det skikkeleg. Torgeir Straand, Per Anders Buen Garnås og Ottar Kåsa er spelemennene som stiller opp i countryklubben fredag 20. oktober.

Konsertsalen er fiskelagshytta. Plassen er ikkje stor, så det gjeld å vera tidleg ute.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no