Kvinne funne død i Seljordsvatnet

Søndag ettermiddag kunne politiet melde at ei kvinne hadde blitt funne død i Seljordsvatnet.

Det har blitt gjort omfattande søk i Seljordsvatnet etter båtulykka torsdag, der to unge menn omkom etter at båten dei sat i kantra. Ei kvinne har nå blitt funne på 13 meters djup mellom Vesleøy og Storøy etter at det søndag føremiddag blei starta søk med sonar etter ein lærar som har vore sakna etter ulykka. Ifølgje politet blei kvinna funne i nærleiken av der ulykka fann stad. Det er veldig grumsete på botnen der den omkomne kvinna blei funne.

Den sakna læraren var på privat tur med fem elevar frå vaksenopplæringa i Bø og Nome torsdag. Dei sat i ein båt femten meter frå land da bølgjer slo innover båten og førte til at den velta. Læraren klarte ifølgje dei som var med først å komme seg i land, men svømte deretter ut for å redde dei to som vart verande att i vatnet og omkom.

Politiet har varsla dei pårørande til den 53 år gamle læraren frå Bø om funnet i Seljordsvatnet, men identiteten til den døde personen er ikkje stadfesta offisielt enno.

Politiet samarbeider nå vidare med kriseteama i kommunane Bø, Seljord og Nome for å ta vare på pårørande og andre involverte.