Ulukke-Seljordsvatnet-121017-foto-Halvor-Ulvenes

Truleg den sakna læraren som er funnen

Det blir leita etter den sakna torsdag. Foto: Halvor Ulvenes, Varden

Politiet skriv i ei pressemelding at personen som er funnen død i Seljordsvatnet truleg er den sakna Gunhild Egenæs.

Egenæs har vore sakna sidan torsdag då ho la på svøm for å redde to personar etter at ein båt kantra på Seljordsvatnet. Ho vart funnen med sonar på om lag 13 meters djup mellom Vesleøy og Storøy. Ho er sendt til rettsmedisinsk institutt for vidare undersøkingar. Dei pårørande er varsla.

Politiet melder at det har vore vanskelege forhold med dårleg sikt i Seljordsvatnet. Det samarbeider med det kommunale kriseteamet for å ta vare på dei pårørande. Politiet uttrykker si medkjensle med dei som er råka.