171012-Beverøya-camping-2017-Marianne-Dale-og-Ottar-Langåsdalen-6221-6224

Bra turistsommar i Midt-Telemark

Beverøya camping auka i sommar besøket med 20 prosent. Det gledar dagleg leiar Marianne Dale i Visit Bø og sals- og marknadssjef Ottar Langåsdalen i Beverøya camping og Bø hotell. Foto: Øystein Akselberg

Turistnæringa i Midt-Telemark kan skilte med over 180.000 gjestedøgn i sommarsesongen 2017. Det er nesten på nivå med i fjor, som var eit toppår.

Trass i ein sesong med heller dårleg helgevêr i juni og skikkeleg dårleg sommarvêr frå rundt 20. juli og ut månaden, kan overnattingsbedriftene i regionen konkludere med ein svært god sommarsesong. Den blei nesten på nivå med toppsesongen 2016. Det er dagleg leiar ved Visit Bø, Marianne Dale, som les dette ut frå den offisielle norske statistikken.

Dei viktige parametrane når turistsesongen skal oppsummerast er 95.000 gjestedøgn innan camping og hytter i Midt-Telemark i juli månad. I juni var talet nær 37.000 og august omlag 36.000. I tillegg kjem hotellbransjen.

– Besøket har vore omtrent på same nivå som i fjor som var ein toppsesong. Med sommarens dårlege vêr er dette svært bra, seier Dale.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no