Børefelksen

Delar ut refleks-feler

Bli synleg. Kommunen oppfordrar folk til å bli synlege i haustmørkret. Som ei hjelp blir det delt ut Bø-refleks forma som ei fele på fredag morgon. Foto: Bø kommune

 

 Bør bli meir synlege

Fredag 20. oktober er det refleksdagen. I Bø vil politikarar og tilsette i kommunen vere ut tidleg om morgonen og dele ut refleksar til folk.

– Haustmørkret sig på og det er viktig å gjere seg synleg i trafikken, heiter det i pressemeldinga frå kommunen.

Der blir det også peika på at dei vaksne er sløvast når det gjeld å bruke refleks, og vaksne i Telemark er verre enn gjennomsnittet. I heile landet er det 39 prosent av dei vaksne som brukar refleks. I Telemark er det berre 31 prosent. Tala stammar frå teljingar som Trygg trafikk gjennomfører.

– Me kan med andre ord bli langt flinkare til å gjere oss synlege. Med refleks er du synleg på 140 meters hald, utan er du synleg berre på 25 til 30 meters hald. Omrekna i tid betyr det at bilistar berre har to sekund å reagere på dersom du ikkje har refleks på deg. Har du refleks har bilistane heile 10 sekund, påpeikar kommunen.