Bandet F5 MGP-junior oktober 2017 1

Snart klar for Telenor Arena

Klar for finale i MGP-junior. Komande laurdag blir desse fem fine fyrane frå Folkestad å sjå i finalen i årets MGP-junior som blir direktesendt på NRK1 i beste sendetid. Gruppa «F5» består av f.v. Sigurd Nesje, Jonas Ofte Holløkken, Sture Skalstad, Knut Olav Kleiv og Mathias Ladiszlaidesz.  Foto: Øystein Akselberg.

I morgon dreg gutane i bandet «F5» til Oslo og Telemor Arena for å førebu seg til laurdagens MGP-finale. Dei fem gutane er einaste gruppe blant dei ti finalistane. Dei skal framføre si eiga låt «Generasjon prestasjon». Tre av gutane skal innimellom spel på andre instrument også traktere trompet. Dei lovar også ei overrasking i sceneinnslaget sitt.