171102-Herrefoss-130315-1

NVE negativ til kraftutbygging

For stor belastning. NVE meiner den samla belastninga på økosystemet vil verer for stor ved å byggje ut Herrefoss. Arkivfoto: Bø blad

NVE seier nei til utbygging

NVE melder tysdag at det avslår søknaden om utbygging av ein kraftstasjon i Herrefoss. NVE rår også Olje- og energidepartementet til å seie nei til utbygging i Oterholtfossen.

Det er søkt om to alternativ for utbygging av Oterholtfossen, men Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil ikkje tilrå nokon av dei. NVE meiner at begge alternativa vil ha negative effektar for fisk, elvemusling, friluftsliv, landskap og kulturmiljø. Dei negative effektane er store vurdert opp mot den mengda av kraft som det er planlagt å produsere, står det på nettsida til NVE.

Søknaden om utbygging av Herrefoss som NVE har avslått, kan klagast inn for Olje- og energidepartementet innan tre veker. Grunngjevinga for avslaget er at NVE meiner skadar og ulemper for allmenne og private interesser som blir berørt overstig fordelane ved tiltaket.

Les meir i papiravisa eller kjøp enkeltdsaker eller heile avisa på nett på buyandread.no.