171102-NM-styrkeløft-01-b

Sauherad-lege noregsmeister i styrkeløft

God motivasjon. Ordførar Mette Haugholt tykkjer det moro at fastlege Zubair Akram har blitt noregsmeister i styrkeløft og håpar det også motiverer til trening.

 

Vann på første forsøk

I all hemmelegheit bestilte dei tilsette ved Sauherad legekontor time hjå fastlege Zubair Akram. Timen skulle ikkje brukast til ein vanleg konsultasjon, det skulle etast kake.  

Ordførar Mette Haugholt var ein av dei som deltok på den spesielle legetimen. Ho og fleire av dei tilsette ved legesenteret og i helsetenesta i Sauherad ville sikre seg tid til å gjere stas på Akram. For å vere sikre på å få det til i ein travel legedag hadde dei altså teke kontroll over avtaleboka. Grunnen var at kommunen har fått ein norgesmeister i styrkeløft. Førre helg vart nemleg Zubair Akram noregsmeister i sin klasse, 83 kilo, og det i første konkurransen han deltok i.

Les meir i papiravisa eller kjøp heile avisa eller enkeltsider på nett på buyandread.no.