Ingebjørg Nordbø (MDG)
Ingebjørg Nordbø (MDG) FOTO: Hilde Eika Nesje

Vil trygge Oterholtfossen

Vil satse nytt på Bøelva. Ingebjørg Norbø vil gjere Bøelva meir tilgjengeleg for friluftsaktivitetar. Foto: Hilde Eika Nesje

Vil ta vare på Oterholtfossen og satse meir på friluftsliv ved elva

Ingebjørg Nordbø frå MDG Midt-Telemark håpar at Bø kommune og Midt-Telemark Energi legg planane om utbygging av Oterholtfossen vekk for godt etter at Norges vasskraft- og energidirektorat (NVE) har sagt nei til utbygging. Ho vil heller satse meir på å utvikle gode rekreasjons- og friluftsområde her.

– Eg er så glad i Oterholtfossen, og set pris på at første instans har sagt nei til utbygging av han. Eg vil heller gjere Bøelva meir tilgjengeleg for friluftsaktivitetar, seier ho, og utfordrar ordføraren og dei andre politikarane i kommunen til å tenkje nytt om Bøelva.

Sist veke kom meldinga frå NVE om at det avslår søknaden frå Midt-Telemark Energi og Bø kommune om utbygging av ein kraftstasjon i Herrefoss. NVE rår dessutan Olje- og energidepartementet frå å gje løyve til å byggje eit nytt kraftverk i Oterholtfossen. Grunngjevinga er at ein meiner dei negative effektane er store vurdert opp mot samla kraftproduksjon. Det spesielle med vurderinga er at det ikkje bare er elvemiljøet ein har teke omsyn til. Verdien av Bøelva og Oterholtfossen som viktige både for kultur- og landskapsopplevingar, rekreasjon og friluftsaktivitetar har også blitt sterke grunnar til å avslå utbygging.

Les meir i papiravisa eller på buyandread.no