NYE SMITTETILFELLE: Det er oppdaga nye smittetilfelle i Midt-Telemark det siste døgnet.
NYE SMITTETILFELLE: Det er oppdaga nye smittetilfelle i Midt-Telemark det siste døgnet. FOTO: Arkivfoto

Kommunehuset ein «snakkis» i Bø

Kva skal 28 millionar kroner bli brukt på i kommunehuset? Det spørsmålet kom opp i Administrasjonsutvalet sist måndag. Foto: Marta Kjøllesdal

– Kva skal ein bruke 28 millionar kroner til i kommunehuset, spurte Renate Øien frå Utdanningsforbundet då Administrasjonsutvalet i Bø kommune var samla til møte sist måndag.

Ifølge Øien er dette noko det blir snakka om blant dei tilsette, og ho peika på at ein også treng ein ny ungdomsskule.

Ordførar Olav Kasland opplyste at taket på kommunehuset i Bø lek, og det har ikkje vore gjort noko med huset sidan det var nytt på 50-talet. Han peika også på at det er sett av pengar til å starte planlegging av ny skule.

Øien lurte også på om det er nødvendig å byggje nytt kyrkjekontor i Bø når dei to kommunane skal slå seg saman. Ordføraren svarte at dette er noko ein vil diskutere i formannskapet.