Posten slit med glatte vegar
Bø blad har fått melding frå Posten om at det er vanskar med å få ut posten i dag på grunn av ekstremt glatte vegar. Enkelte plassar kan det rett og slett hende at posten ikkje blir køyrt ut i dag.
– Erfaringa vår er at enkelte plassar er det så glatt at me ikkje torer å køyre der. Me skal ikkje risikere liv og helse, seier Ørjan Myra Olsen i Posten i Bø.
Det kan med andre ord vere Bø blad-lesarar som ikkje får avisa i dag. Men då skal ho kome i morgon. Andre får avisa, men ho kjem seinare enn vanleg i kassa. Dette gjeld både Bø, Sauherad og Nome. Denne veka er det elles fulldistribusjon, det vil seie at alle får avisa i postkassa.
Myra Olsen oppfordrar folk til å skuffe snø og strø for å gjere jobben enklare for dei som køyrer ut posten.