Kommunehuset fra biblioteket nov 2017 2 nett

Vil ha biblioteket på kommunehuset

Bibliotek i sentrum. I dag ligg biblioteket med fint utsyn til Bø torg og kommunehuset. Kanskje kan biblioteket berre flytte over plassen? Foto: Øystein Akselberg

Bibliotek i det kvite hus?

Kreative hovud føreslår å flytte biblioteket til kommunehuset og kommunens administrasjon til den nye kunnskapsparken som skal byggjast på høgskule-campus. Det er Ingrid Kvissel, Tore Bjørn Pettersen og Snorre Aasen som legg fram idéen nå ei veke før neste workshop i arbeidet med ny sentrumsplan for Bø. Kvissel tok initiativet og meiner at biblioteket må liggje sentralt og vent ut mot gata.

Trioen føreslår at kommunehuset kan vere stad for både bibliotek, turistkontor og kommunes servicetog, samt eit svært trengande offentleg toalett. Dei tenkjer at bibliotek i den store kunnskapsparken ikkje er noko spesielt bra plassering. Bø kommunestyre har gjort ein intensjonsavtale om å flytte biblioteket inn i den nye kunnskapsparken. Spørsmålet frå Kvissel, Pettersen og Aasen er om det ikkje hadde vore lurare å plassere kommunens administrasjon der i staden.

Bø blad har spurt fem politikarar om kva dei meiner om å bruke kommunehuset til ein møteplass for bygdefolk. Responsen er som venta varierande. Les om det i dagens Bø blad.