Oppseiing av lege i Sauherad ugyldig
Sauherad kommune sa opp avtala med fastlege Katarzyna Jachimowicz fordi ho ikkje ville setje inn spiral. Jachimowicz gjekk til sak mot kommunen, men tapte i tingretten.
No har Agder lagmannsrett funne oppseiinga av fastlegeavtala med Jachimowicz ugyldig. Sauherad kommune er dømd til å ta inn igjen Jachimowicz som fastlege og i 20 prosent stilling som kommunalt tilsett lege.
Retten er delt i saka, ein av dei tre dommarane meinte at anken burde vore forkastast.
Kommunestyret vil behandle saka i eit ekstraordinært møte torsdag 30. november.
Les meir i papiravisa torsdag, eller kjøp heile avisa eller enkeltsider på nett på buyandread.no (torsdag).