171130-Marita

Ser på barnefattigdom og fritid

Marita Kristina Valkeinen har kartlagt fritidsaktivitetar for barn i Bø og kva som finst av tiltak for å inkludere barn frå familiar med låg inntekt. Foto: Gro B. Røiland.

Mangfaldet av aktivitetar er stort i Bø, men undersøkinga gjort av Marita Kristina Valkeinen viser at få kulturaktørar har tiltak for å inkludere barn frå fattige familiar. Når spørsmålet melder seg, er praksisen for korleis dei handterer dette ulik. Nokon stryk kontingentar som ikkje blir betalte etter purringar, andre tilpassar kontingenten ved behov.

Valkeinen har kontakta 26 ulike aktørar som tilbyr regelmessige aktivitetar for barn og unge mellom null og 18 år. Dei 26 aktørane står bak 36 ulike aktivitetar. Bare ni av dei har ein form for tiltak retta mot barnefattigdom. Fleire aktørar innan idrett og kultur etterlyser hjelp frå Nav for å finne familier som treng friplass.

Les meir om saka i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.no.