
Ein av to. Kroa i Bø er ein av to i Telemark som får pengar via Musikkutstyrsordninga i denne tildelingsrunden.
105.000 kroner til lydutstyr
Stiftelsen Studentkroa i Bø – Kroa i Bø, Intimen, får 105.000 kroner til lydutstyr i andre tildelingsrunde i Musikkutstyrsordningen. Det er berre to som i Telemark som får pengar i denne runden. Den andre er Treungen Music City som får 68.250 kroner til øvingsutstyr.
Det vart delt ut 10 millionar kroner i denne omgangen. Neste søknadsfrist er 1. mars 2018.