
Utbygging av kommunehuset. Denne skissa vart laga av Olav Skjeldal for 17 år sidan og skisserte påbygging av kommunehuset. No meiner Skjeldal det kan vere interessant å vurdere å flytte biblioteket til den nye fløya. Skisse: Olav Skjeldal/Lokale Arkiteter ans
Motstridande syn på bibliotek-plassering
Fylkesbibliotekaren meiner Kunnskapsparken er meir eigna til bibliotek enn kommunehuset. Arkitekt Olav Skjeldal meiner derimot at ei ny fløy på kommunehuset mot Skogen gård vil vere perfekt til bibliotek.
– Eg meiner fellesnemnda har eit betre forslag til lokale til bibliotek i Bø enn forslaget om å legge det til kommunehuset.
Det seier konstituert fylkesbibliotekar Vibeke Stokka.
Ideen om å flytte Bø bibliotek til kommunehuset vart lansert av Ingrid Kvissel, Snorre Aasen og Tore Bjørn Pettersen og var omtalt i Bø blad for eit par veker sidan.
No er det altså kome eit innspel til og diskusjonen går om kva som er rett plassering av eit folkebibliotek i Bø.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no. Der kan ein også kjøpe enkleltsider.