DET KVITE HUS: Kommunehuset i Midt-Telemark.
DET KVITE HUS: Kommunehuset i Midt-Telemark. FOTO: Bø blad, arkiv

Meir pengar til Bø kommune

Drysser inn. Det drysser inn meir pengar til Bø kommune etter at budsjettet for neste år er vedteke.

 

Bø kommune får 1,8 millionar kroner ekstra frå statsbudsjettet.

– Dette er pengar me får fordi departementet ikkje har følgd opp det som skal til kommunar som slår seg saman. Dermed har ulike ordningar slått kvarandre i hel, men kommunane skal ikkje tape på det, seier ordførar Olav Kasland.

Han rettar stor ros til Kjetil Lie og Telemarksforsking som har jobba tett på Stortinget for å få  ordna dette.

– Desse pengane blir sett på disposisjonsfond. Då kjem det opp i 3,2 millionar kroner, seier Kasland.

Han legg til at det gjer at ein kan sove litt betre, men peikar på at med eit budsjett på 390 millionar kroner totalt, er ikkje 3,2 millionar i sikkerheitsmargin mykje.