171207-geir-nordbotten-1
FOTO: Privat

Ny sommardrift på Hollane

Geir Nordbotten gler seg til å drive Hollane til sommaren, med dyr, matservering og overnattingsgjester. Foto: Privat

Til sommaren blir det igjen folk og dyr, kafédrift og overnatting på Hollane. Paret Geir Nordbotten og Karolina Westling har blitt einige med Nils Arne Folkestad om å drive Hollane frå sommaren 2018. Til dagleg bur paret på gard i Stokke i Vestfold, der dei mellom anna driv med tråvhestar og ammekyr.

Banda til Midt-Telemark og Lifjell-området er mange og sterke, ikkje minst for Nordbotten som kom frå Vestfold til Bø fyrste gong som student i 1985.

– Eg skulle vera her i to år, men det blei sytten, seier han og ler.

På høgskulen studerte han landbruksøkonomi, friluftsliv og natur og miljøvern, og budde på Hørte på begge sider av kommunegrensa. Det var også her han for alvor byrja med hest.

– Eg kjøpte min fyrste tråvar da eg budde på Hørte. Hingsten Norne, som nå er 21 år gamal, fortel Nordbotten.

Det blir ikkje Lifjell-sommar på Norne, men eit par av dei mange avkoma hans blir med. Paret tek med seg fleire hestar til Hollane, eigne kyr og lånte mjølkekyr som dei skal ha på setra for produksjon av mat. Knaost og graut skal på menyen.

Ideen om å ta opp att drifta på Hollane med dyr, mat og overnattingsgjester blei skapt i sommar. Nordbotten, Westling og dottera Embla på ti år var da på Lifjell med storfe og fire hestar i fleire veker. Fyrst på Gavlesjå, deretter på Hollane. I samband med opphaldet på Hollane kom Bjørg og Inge Innleggen på besøk.

– Bjørg koka rømmegraut og me mimra om den gode tida da dei dreiv setra. Etter dette blei ideen om å ta opp att drifta forma, og nå er det altså klart for nyopning til sommaren. Me vil oppretthalde gjestfridomen som gjennom generasjonar har møtt fjellvandrarar ved Hollane og ønskjer både gamle og nye gjester velkommen, seier Nordbotten.