171228-Sommarland-11-

Ny sklie i Sommarland

Nye fargar. I tilegg til ei ny sklie brukar Sommarland mykje pengar på pusser opp, fortel diretør Rene Langeveld Sas. Sentrifugen til venstre for han får blant anna nye fargar som ein del vedlikehaldet.

Finst færre enn ti slike sklier i verda

– Det blir ei ny sklie i Sommarland til sommaren. Det blir ei kroppssklie utan båtar eller brett, og det finst under ti av same typen i verda i dag.

Det fortel sommarlanddirektør Rene Langeveld Sas.

Han opplyser at sklia skal plasserast nær Bøverstranda, men ikkje ende i noko basseng. Den er klassifisert som medium fart og målgruppa er dei mellom seks og tolv år.

Kostar millionar

– Det finst ingen liknande sklier i Skandinavia. Det finst nokre i Europa, men det finst mindre enn ti i heile verda. Dette er ny teknologi og konseptet kjem frå Sveits, kan han fortelje.

Les meir i papiravisa denne veka eller kjøp avisa eller enkeltsider på nett på buyandread.no.