171228-gvarv-bakeri-ute1

Bakeri med lange tradisjonar

Gvarv bakeri i Gamlegata med sine fem tilsette. F.v. Bente Soterud Østerdal, Janni Svartdal, Lene Østerdal, Tove Stenstad og Rune Østerdal. Foto: Gro B. Røiland

I 1964 starta Johannes og Karin Soterud bakeri i Gamlegata på Gvarv. Nå er det barn og barnebarn som bakar brød og kaker og held familiebedrifta i full gang.

Tempoet er høgt og stemninga hektisk, men god i bakeriet denne førjulsdagen. Klokka nærmar seg lunsjtid for folk flest, men for bakarane er det langt på dag. Mellom klokka 01 og 02 startar arbeidsdagen for systrene Tove Stenstad og Bente Soterud Østerdal, og for Bentes barn Rune Østerdal (28) og Lene Østerdal (34). Slik er livet som bakar.

– Me er oppvaksne med at mamma og pappa satt og sov i kvar sin stol, seier Bente og ler.

Klaga gjorde dei aldri, men meldinga frå pappa Johannes var klar:

– Han sa alltid til oss at me ikkje skulle bli bakarar, men eg høyrde aldri at han uffa seg. Han var alltid blid, og eg trur ikkje han angra på yrkesvalet, seier Bente.

Les meir i papiravisa 28. desember om bakaren frå Bø som grunnla familieverksemda Gvarv bakeri. Du kan også kjøpe avisa digitalt på buyandread.no.