2018-01 E-avis

Bø blad med e-avis og arkivsøk

På alle plattformer. Frå 2. januar kan du hente opp Bø blad på alle digitale plattformar, noko Bø blad-medarbeidarane her demonstrerer. Synnøve Sudbø Kleppe med Bø blad på berbar Mac, Rune Digranes Bøen på nettbrett og Hilde Eika Nesje på telefonen.

Foto: Gro B. Røiland

E-avis og historisk arkiv

Frå 2. januar 2018 kan du som Bø blad-abonnent lese avisa på alle digitale plattformer. Nytt av året er også tilgang til historisk arkiv, der du finn alle Bø blad frå starten og fram til i dag.

Redaktør Hilde Eika Nesje er glad for at ho endeleg kan tilby abonnentane avisa i digital utgåve. Med e-avis vil papiravisa bli lagt ut fullt og heilt på nett, med alt frå nyheiter til helsingar og annonser.

– Mange redaksjonar har dei siste 20 åra satsa på nettaviser, men for ei lita avis som Bø blad er det utruleg ressurskrevjande å lage ei ny avis på nett i tillegg til papir. Derfor har me heller satsa på å gjera papiravisa vår bra. Nå får alle abonnentar tilgang til papiravisa også digitalt, seier Eika Nesje.

Med e-avis kan abonnentane lese vekas avis på mobiltelefonen, nettbrett eller stasjonær datamaskin. Ein kan hente avisa opp heime, på bussen eller på ferie i utlandet.

For å finne e-avisa må ein inn via nettavisa boblad.no som er open for alle. Det blir ho også framover.

– Me vil framleis ha ei enkel nettavis med nokre få mindre saker og nyheiter som dukkar opp, seier redaktøren.

– Ta kontakt

Den utolmodige lesar kan nå få avisa digitalt før ho er i postkassa. Nytt nummer blir lagt ut klokka 03 natt til torsdag, med 4. januar som den fyrste. At Bø blad på denne måten blir morgonavis kan ikkje minst vera nyttig for pendlarar som reiser tidleg med tog og buss.

For å få tilgang til e-avis og historisk arkiv må ein logge seg inn.

– Det er viktig at alle abonnentar som ønskjer dette tek kontakt med oss på telefon eller e-post for å få tilgang, seier Eika Nesje.

Mykje moro

Redaktøren er også stolt av og glad for at abonnentane med historisk arkiv får tilgang til alle Bø blad som er utgjevne sidan starten i august 1986. Det er nærmare 1500 aviser. Når ein er innlogga i e-avisa, vel ein historisk arkiv. Der kan ein søke på namn, tema eller tidsperiode og få opp avisene som passar til søket. Her finn ein heile aviser, side for side.

– Eg håper folk vil bruke det historiske arkivet, for her er det mykje moro å finne. Abonnentane får med dette tilgang til eit stort historisk dokument med den nyare historia i Bø og er i seg sjølv grunn god nok til å abonnere på Bø blad, seier Eika Nesje.

Satsar redaksjonelt

Abonnentane vil merke at prisen på eit årsabonnement aukar med 200 kroner frå årsskiftet, frå 990 kroner til 1190 kroner. Det skuldast mellom anna ekstra kostnader med å drifte den nye e-avisa og historisk arkiv.

I tillegg satsar Bø blad i 2018 også redaksjonelt og utvidar med ein stillingsressurs.

– Me satsar på å bli ei god avis for heile den nye kommunen. Det ansvaret må me ta når me har fått ei kommunesamanslåing. Det gjer me med å auke med ein ekstra journalist, seier Hilde Eika Nesje.