180104-Gunnar-Stenstad-og-Bergit-Li

24.000 kroner til lys i bakken

Bergit Li kom med 24.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til nytt lys i alpinbakken på Lifjell skisenter. Det set eldsjel i alpingruppa gjennom mange år, Gunnar Stenstad, stor pris på. Foto: Gro B. Røiland

Gjensidigestiftelsen delte i fjor ut nærmare 5 millionar kroner til 24 ulike prosjekt over heile Telemark. Ein av søkjarane som har fått støtte i 2017 er IL Skarphedin Alpin, som eig og held ved like lysinnstallasjonen på Lifjell skisenter.

Lysstolpane i bakken er frå tidleg 80-tal, og omlag 15 av dei 70 lyktene har slokna. Alpingruppa søkte derfor om 24.000 kroner til bytte av lyspærer og øydelagde lamper i lysanlegget.

Gjensidigestiftelsen legg vekt på at det som blir støtta er allmennyttige prosjekt innan tryggleik og helse.

– Dugnadsinnsats er også viktig når prosjekt blir vurderte, seier Bergit Li i styret for stiftinga sin valkrets Telemark.

Det manglar ikkje på dugnadsinnsats i alpingruppa i Skarphedin. Ein av eldsjelene er Gunnar Stenstad som har jobba dugnad sidan anlegget blei bygd i 1979/80. Nyleg blei han nominert til heiderstittelen Årets ildsjel som ein av tre i Telemark Idrettskrets.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa som du finn på boblad.no.