brannstasjon Linda Lia 040118 9386

Første jente i brannkorpset

Nye brannkonstablar. Henning Rønningsland (29) og Linda Lia (22) er frå nyttår tilsett som brannkonstablar og røykdykkarar i Bø brannkorps. Lia er første kvinne i brannvesenet i Bø nokonsinne. Foto: Øystein Akselberg                      

Frå nyttår er for første gong ei kvinne tilsett ved Bø brannstasjon. Bøjenta Linda Lia er ein av to nye brannkonstablar.

Dei siste åra har det vore eit markant generasjonsskifte blant dei ti brannfolka som er tilsett ved Bø brannstasjon. For to år sidan gjekk Gjermund Gåra og Tor Magne Skjelbred av for aldersgrensa, og frå nyttår takkar Leif Gunnar Brekke (60) og Arvid Hagen (61) for seg. Samtidig står to nye, unge brannfolk klar til å trekke på seg brannuniformer. Linda Lia (22) og Henning Rønningsland (29) går inn i brannkorpset i Bø.

Beredskapsleiar Roar Smukkestad ved Midt-Telemark Brann og Redning fortel at det var 16 søkjarar på dei to ledige stillingane. Med Lia i staben har både Midt-Telemark og Bø fått si første kvinne som brannkonstabel.
– Det er veldig artig å vere den første, men det er jo også på tide, seier Linda Lia med eit smil.