Svein Halvor Dahl

– Mitt livs beste løp

Superløp. Svein Halvor Dahl nær topp-ti i NM i dag. Arkivfoto.

Skarphedinløpar Svein Halvor Dahl gjekk inn til ein fantastisk 12. plass i NM på 15 km friteknikk på Gåsbu, Hamar, idag.

– Det er mitt livs løp! Det var denne dagen eg prikka ut i sommar og målet var topp 15. Når alt klaffar på dagen du har jobba og tenkt på kvar dag heile året så er det både stort og følelsesmessig, seier Svein Halvor til Bø blad, og legg til at dagens NM-renn også var uttaksrenn til OL med mange som hadde mykje å bevise.
Svein Halvor går nytt NM-renn i morgon, laurdag.
– Nå blir det å nullstille og håpe på ein like god dag i morgon, seier Svein Halvor.

Simen Hegstad Krueger blei noregsmeister.