170126-Svein-Halvor-Dahl-NC-Sjusjøen-21-jan-17-ELR-1686-Foto-Eirik-Lund-Røer-Eiluro

Svein Halvor Dahl med NM-beste

God hjelp. Skarphedin-løparen Svein Halvor Halvor Dahl fekk draghjelp av gull- og sølvvinnarane då han gjekk inn til 12. plass i NM fredag. Arkivfoto: Eirik Lund Røer Eilurof

Stort for Svein Halvor

– Dette var stort, seier Svein Halvor Dahl etter at han gjekk inn på ein 12. plass i NM på ski fredag.

Dahl fortel at han har sett fram til denne dagen sidan i vår og gav alt.

– Eg klinka til. I vår var eg usikker på om eg skulle legge skia på hylla, men dette løpet trigga meg. I sommar sette eg meg som mål å bli blant dei 15 beste i skøyting, seier Dahl.

Han fortel at det målet har han jobba imot og tenkt på kvar einaste dag sidan. Fredag var det altså klart for 15 kilometer skøyting på Gåsbu i Vang i Hedmark.

 

Spesielt hard konkurranse

– 23. plass er det beste eg har klart i NM tidlegare. Dette var eit uttaksrenn til OL og eg viste at det kom til å bli hardt, seier Dahl.

Han fall nedover resultatlista under vegs i løpet, men på slutten vart han forbigått av Simen Hegstad Krüger og Per Kristian Nygård som starta eit minutt og eit minutt og 20 sekund etter han. Dei to kjempa om gull og sølv, ein dragkamp Krüger vann. Han har også vunne verdscuprenn på distansen og Dahl fortel at det var ikkje bare bare å henge på, men han gjorde det.

– Eg var frykteleg langt nede i kjellaren, men dette var stort, seier Dahl på telefon.

 

Usikker på framtida

Dahl er ikkje sikker på korleis det blir med konkurreringa etter denne sesongen.

– Eg tek denne sesongen først. Det er vanvitig godt å nå målet når det er så tøft og ein vei kva som skal til, seier Dahl.

Han peikar på at i Norge er det veldig mange som vil det same som han, gå fort på ski. Men når det verkeleg klaffa på denne dagen som han har snakka om i eit halvt år, var det stort for Skarphedin-løparen.

Fine forhold

Dahl fortel at det var fine forhold med gode løyper i rennet fredag. Han gjekk i den sida gruppa. Gull og sølvvinnarane starta rett bak og det var ganske like forhold.

Laurdag gjekk Dahl 30 kilometeren og kom inn på 36. plass. Det kallar han for meir gjennomsnittleg nivå for seg sjølv. Han er brukbart fornøgd med resultatet.

Usikker på stafetten

Søndag er det stafett. Det var planen at Dahl skulle gå for Skarphedin saman med Magnus Håkonsen og Aslak Nenseter, men Nenseter har trekt seg. Laurdag ettermiddag var Dahl usikker på om det var mogleg å skaffe ein reserve.

Takkar for støtta

Dahl skal gå kretsmeisterskap heime i slutten av januar og Noregs-cup andre helga i februar og har som mål å halde trykket oppe. Men kva som skjer til våren, vil han ikkje svare på. Dahl takkar først alle lokale sponsorane som har gjort det mogleg for han å takke nei til jobb og satse på NM.

– Utan den støtta eg har fått i heimbygda og i Skarphedin er det ikkje sikkert at et hadde gått på ski, seier han.

Dahl peikar på at han har blitt 28 år og at det kanskje er på tide å finne på noko anna. Samtidig har han altså klart ein 12. plass i ei gruppe der alle løparane sannsynlegvis kunne gått verdcup for dei fleste andre nasjonar enn Noreg.

– Som idrettsutøvar har ein alltid lyst til å bli betre, men ein må ha motivasjon. Det held ikkje  å drive med dette halvvegs, seier Dahl.