180125-FS-Sauherad-190118-Hjuksebø-05-

Fire–tre for grensejustering

Tapar pengar. Mindretalet frykta dei økonomiske konsekvensane av å la Hjuksebø gå til Notodden.

Fleirtal for å la Hjuksebø gå til Notodden

Formannskapet i Sauherad hadde i dag, torsdag, eit ekstraordinært møte. Det stod ei sak på saklista og det var om ein skal tilrå grensejustering mot Notodden eller ikkje.

Det vil seie om Angard og Hjuksebø grunnkrets skal få bli ein del av Notodden kommune elle bli ein del av den nye Midt-Telemark kommune.

Fire av representantane, Per Simon Slettebø (Sp), Wenche Akkerhaugen (H), Aslaug Norendal (V) og Tom Ivar Gravklev (Frp) meinte det var rett å la krinsane gå til Notodden. Tre representantar sa nei, dei frykta blant anna dei økonomiske konsekvensane. Dei som sa nei var ordførar Mette Haugholt (Ap), Roar Bjerkgården (Ap) og Alf Rose Sørgaarden (Krf) som sjølv bur på Hjuksebø.

Saka blir endeleg gjort i kommunestyret torsdag 25. januar for Sauherad-politrikarane sin del. Den endelege avgjerda tek departementet etter at Fylkesmannen har kome med si tilråding.

Les meir om argumenta for og imot i avisa neste torsdag.