Onsdagsrenn 100118 9504 Nora Steen nr 20 og pappa Hans Gunnar Steen

Hundre på første onsdagsrenn

Hektisk før start. Nora Steen (4) forlanga ski med betre feste og pappa Hans Gunnar Steen måtte i sving to gonger med meir festesmøring.

Nær hundre skiløparar la i veg på Nordbø skiarena i sesongens første onsdagsrenn sist veke. Det blei ein fin sesongstart i flomlys og lett snø.

Sesongens første onsdagsrenn i regi av Skarphedin langrenn gjekk av stabelen i flomlyset på skiarenaen på Nordbøåsen onsdag sist veke. Det snøa og bles litt, men det påverka ikkje humør og innsats, verken for skiløparar eller arrangørar.

Det mangla ein løpar for å nå hundre deltakarar. 56 gutar og 43 jenter stod klar til start og det blei gått renn i fri teknikk både med og utan tid. Dei yngste frå sju år og under gjekk ein runde utan tid. Frå årsklasse 2010 blei det teke tid på dei som ville. Dei eldre klassane gjekk to og tre rundar.

– Det er positivt med så stor oppslutning allereie på første onsdagsrenn. Det er flott med så bra skiføre tidleg i januar, seier rennsjef Christian Dahl, og minner om at ein fleire år har avlyst dei første renna på grunn av snømangel.