Lifjell 210118 0782 to modre fix

Stor utfartsdag

Fantastisk dag. Mange nytta høve til ein tur på ski på ein magisk dag både nede i bygda og på fjellet. Her er fire på veg i skiløypa mellom Jønnbu og Krintokeliva på Lifjell. Foto: Øystein Akselberg

Fin kom deg ut-dag

Barnas Turlag arrangerte kom deg ut-dag i skianlegget på Nordbø og mange nytta høve til ein skitur. Det var mange folk å sjå både nede i bygda, i Vihusløypa og på Lifjell. Vêret var fantastisk med snødekte tre og strålande sol.

Barnas Turlag melder om rundt 200 deltakarar på arrangementet på Nordbøåsen, noko som er rekord for turlaget.
– Blide og fornøgde fjes hele vegen. Alle 200 pølsene forsvann og ingen kollisjonar i bakken, melder ein av turleiarane, Ingvil Olsen Djuvik, og legg til at dei håpar mange blir med på turane deira framover. Dei ønskjer seg også fleire vaksne til å vere med å organisere.

Meir frå arrangementet i komande avis.