180201-Ks-Sauherd-180125-07

Fleirtal for grensejustering

Ap sprakk. Arbeiderpartiet, som sit til venstre, delte seg i spørsmålet om grensejustering FOTO: Marta Kjøllesdal

Tilrår at Hjuksebø blir del av Notodden kommune

22 kommunestyrerepresentantar i Sauherad sa ja til å justere kommunegrensa slik at Hjuksebø  får gå til Notodden. Sju stemde imot.

Torsdag kveld var det kommunestyret i Sauherad sin tur til å sei kva det meiner om kva for ein kommune Hjuksebø skal tilhøyre i framtida. Folket på Hjuksebø vil til Notodden. I formannskapet  var det fire for justering og tre imot. I debatten vart det klart at både Kristeleg Folkeparti og Arbeiderpartiet var splitta. Då avstemminga kom etter ein lang debatt og gruppemøte var det klart at det var eit stort fleirtal for å la folk på Hjuksebø få viljen sin.

Departementet har siste ordet og avgjer kva som skjer til slutt.

Les meir om argumenta og kven som meinte kva i avisa neste veke.