Skjermbilde-2018-02-07-kl.-13.14.21

Gullbring finn fram OL-fakkelen

Bø blad hadde 3. desember 1993 stor reportasje frå fakkelstafetten.

I november 1993 var fakkelstafetten i Bø, som fyrste stopp på vegen mot Lillehammer etter fakkeltenninga i Morgedal. Dette blei feira med folkefest og stort kulturarrangement i det som skulle bli Gullbring kulturanlegg.

Ein av faklane blei att i Gullbring. Nå er den testa og klar for bruk igjen. Fredag 9. februar inviterer Gullbring til OL-samankomst i samband med opning av OL 2018.

– Me vil vise opptak frå opningsseremonien som har vore tidlegare på dagen, seier dagleg leiar i Gullbring, Espen Raastad.

Arrangørane vil gjerne at folk delar minne og bilete frå tidlegare OL-arrangement og spesielt frå fakkel-arrangementet i Bø i 1993. Raastad oppfordrar også til å finne fram OL-effektar og -klede frå 1994. Dei som ynskjer det kan få tatt bilete av seg med OL-fakkelen.

Les meir i papiravisa eller i Bø blad si e-avis. Reportasjen frå Bø blad i 1993 finn abonnentane i det digitale avisarkivet.