????????????????????????????????????
????????????????????????????????????

Normal skredfare på Lifjell

Fleire flakskred. Mellom Tunglijuvet og ved Glekse og Skåråfjellholmen har det gått minst to flakskred som har gått heilt ut i den merka skiløypa. Her er høgskulelærar Fredrik Christoffersen på studietur med friluftslivstudentar frå Høgskulen. Foto: Øystein Akselberg.

Bygdas fremste skredekspert, høgskulelærar Fredrik Christoffersen, har godt kjennskap til skredsituasjonen på Lifjell. Han har undersøkt fleire av skreda som har gått på Lifjell i det siste, og torsdag leia han den store årlege skredøvinga på fjellet. Han definerer ikkje skredfaren som spesielt stor, men ber folk vere varsama i bratte hellingar. Det som er situasjonen i år er at eit svakt snølag av rim ligg under nysnø av typen fastare fokksnø, som kan skli ut og danne tørre flakskred.

Også Røde Kors hjelpekorps og Lifjell løypelag har fokus på skredfaren og følgjer med på utviklinga. Løypelaget har gjort to tiltak i år: Oksladalen er merka for skredfare med råd om ikkje gå der, medan løypetrasen over Tunglijuvet er lagt litt lenger aust og bort frå eit område med skredfare.