Hundeutstilling 180218 1342 nett

På hundeutstilling med kosebamser

På hundeutstilling. Nabojentene Silje Kristine Larsen Englund og Camilla Hustuft Hynne frå Larvik kosa seg i Telemarkshallen sundag. Dei hadde med seg kvar sin kosebamse i band. Dei heiter Voffa og Kanin.

Nordic Dog Show gjekk av stabelen i Telemarkshallen i helga. Arrangør var Norsk Kennel Klubb (NKK) saman med NKK Region Telemark og fleire lokale hundeklubbar. Det er første gong Nordic Dog Show blir arrangert i Noreg. Det vrimla med folk og hundar i og rundt hallen. Så mykje folk var det at parkeringsforholda til tider var ganske utfordrande.

I eksteriørbedømminga deltok rundt 2.500 hundar av 220 forskjellige rasar. I agility-konkurransen er det fire forskjellige klassar og nær 60 hundar.

I Bø blad komande torsdag vil du finne meir frå den store hundeutstillinga.