Byting-fikk-gullplate

Byting blei overraska med gull

Gullplatevinnarar Svein Eivind Mo Haugan, Thomas Hellekås og Per Anders Buen Garnås saman med programleiar i NRK, Christina Førli Aas. Foto: Katrine Rohde Johannessen/NRK

Byting fekk ei gledeleg overrasking, da dei fredag ettermiddag gjesta NRK Telemark på Borgeåsen. Det dei trudde skulle vera eit vanleg intervju, viste seg å vera overrekking av bandets fyrste gullplate. Trofeet får dei for to millionar nedlastingar av låta «Norske Rednecks».

Låtskrivar og vokalist Thomas Hellekås fortel at bandet ikkje visste nokon ting om kva som venta dei i studio.

– Me hadde ikkje peiling. Dette var skikkeleg moro, seier Hellekås.

I kveld spelar Bø-bandet på Ælvespeilet i Porsgrunn, ein konsert som fredag ettermiddag var godt som utselt.

Hellekås, gitarist Svein Eivind Mo Haugan og felespelar Per Anders Buen Garnås trudde dei var invitert til Telemarksendinga for å prate om konserten og at Byting i år feirar fem år. Men denne gongen hadde programleiaren gull å by på.

– Det var ei hyggelig overrasking. Det blir litt ekstra tenning i kveld, når me skal spela på Ælvespeilet, seier Hellekås.