
Gunhild Kinck (framme) sitt filmarkiv er ei unik gåve til Bø museum og bygda. Bak f.v. Tore Bjørn Pettersen, Rita Eckbo, Harald Kinck og Finn Rønning. Foto: Gro B. Røiland
– Dette er 17. mai og juleftan på ein gong, seier Finn Rønning i samband med at Bø museum får overta Gunhild Kinck sitt omfattande filmarkiv.
Her finst nærmare to tusen timar filmopptak av hendingar, stader og folk frå tidleg 70-tal og fram til for få år sidan. Gjennom mange tiår har Gunhild Kinck vore til stades på arrangement med filmkamera, og ho har intervjua folk frå mange stader i fylket.
– Gunhilds filmarkiv er ei unik samling. Det er ikkje mange bygder som har noko liknande, seier Rønning.
Nå skal filmane bli digitaliserte.
Les meir om Gunhild og filmane hennar i papiravisa eller i e-avisa som abonnentar finn på boblad.no.