Fekk 1. plass. Bø skulemusikk gjorde det skarpt i korpskonkurransen på Hjertnesfestivalen søndag. Foto: Hilde Eika Nesje
Vant 1. divisjon på Hjertnesfestivalen
Bø skulemusikk sluttar ikkje å imponere under dirigent Guri Røsok. Under korpskonkurransen på Hjertnesfestivalen i Sandefjord deltok 55 korps. Søndag gjekk dei unge musikantane frå Bø i alderen 10-19 år heilt til topps i 1. divisjon for skule- og prosjektkorps. Fem korps deltok i denne klassa. Aspirantkorpset frå Bø kom på ein delt tredjeplass.
Konkurransen blir gjennomført i tre divisjonar og skulemusikken frå Bø har dei siste åra spela seg jamt og trutt oppover i divisjonane, med gode resultat ved kvar deltaking. I 2015 vant korpset frå Bø og Gvarv 2. divisjon, og i 2016 blei det ny siger i denne divisjonen. Da gjekk også aspirantkorpset til topps i si klasse. 2017 var første året skulemusikken deltok i 1. divisjon og da blei det ein fin tredjeplass.
Les meir i papiravisa eller e-avisa.