LAGMANNSRETTEN: Formannskapet har vurdert neste skritt.
LAGMANNSRETTEN: Formannskapet har vurdert neste skritt.

Brannen i Bøgata er sløkt

Brannen i det gule trehuset ved Den Gode Nabo er sløkt. Foto: Gro B. Røiland

Brannen i det gamle trehuset vegg i vegg med restauranten Den Gode Nabo er nå over, etter fleire timars slokningsarbeid. Bøgata/Riksveg 36 er framleis stengd, men vil bli opna igjen i løpet av kvelden, opplyser politiet til Bø blad.

Politiet har pågripe ein person, mistenkt for å ha tent på brannen. Det er ikkje meldt om personskade.

Det var ved tre-tida fredag ettermiddag det blei oppdaga røyk frå det gamle trehuset og naudetatane blei varsla. Brannen utvikla seg fort. Rundt klokka 15.30 opplyste politiet på Twitter at det er ikkje var kontroll på brannen og at nabobygningen var evakuert. Ved 18-tida var brannen sløkt.

Bøgata/Riksveg 36 blei stengd i begge retningar og har vore stengd medan slokningsarbeidet har pågått. Vegen er framleis sperra, men politiet reknar med at den vil bli opna i løpet av kvelden.

Her kan du sjå bilete frå brannen.