
Ung vinnar. Martin Knutsen er ikkje 16 år, men vann klassen eldre junior som er for dei over 18 år. Foto: privat
Vann Sørlandskretsen
Martin Knutsen vann klassen eldre junior i feltskyting i Sørlandskretsen.
– Det er eit ganske stort stemne, seier far Tom Knutsen.
Martin sjølv er glad for sigeren.
Sørlandskretsen omfattar Telemark og dei to Agder-fylka. Martin Knutsen fortel at han skaut på blinkar som var frå 200 til 500 meter borte. Vanlegvis skyt han på 100 meter.
– Eg var ikkje fornøgd med første runden sjølv, men då andre sa at den var bra vart eg glad, seier Martin Knutsen.
Han skaut i klassen eldre junior sjølv om han ikkje er 16 år enno. Tom Knutsen fortel at ein kan gå opp i klasse dersom ein har skote mykje. Dersom Martin hadde skote som junior ville han berre ha skote på 100 meter og kjend avstand.
– Her var det ukjend avstand, det gjer det ekstra vanskeleg, seier Tom Knutsen.
Han fortel at i vinter har Martin reist mykje saman med skyttar Inge Hvitås frå Sauherad og fått god trening. Hvitås sjølv gjorde det ikkje så bra på dette stemnet.