
Fôr med vatn. Merete Sterk-Hansen fôrar gjerne rådyra med eple, gulrøter, poteter og kål som inneheld væske. Brød, helst grovt, går også an.
Rådyra svelt
– All snøen som har kome i år gjer at rådyra har det vanskeleg. Dei finn lite mat, er magre og har ikkje reservar å gå på. Dersom dei blir skremde og spring kan det ta livet av dei.
Det seier Merete Sterk-Hansen. Ho har fått løyve av Mattilsynet til å naudfôre rådyra. Sterk-Hansen er med i ettersøkslaget til kommunen og er ei av dei politiet kontaktar når vilt har blitt påkøyrd i trafikken. I det siste har ho måtta avlive fleire dyr fordi dei er så avmagra at dei ikkje klarar seg.
Finn ikkje mat
– Det er mykje snø og den er tettpakka, men ikkje hardare enn at rådyra slit med å kome seg fram på dei tynne beina, seier Sterk-Hansen.
Les meir i papiravisa eller e-avia på nett.