nett Olav Kasland 15. mars 2018 bilde på veggen 2093

Tek ikkje attval i politikken

Gjev seg i kommune-politikken. I 2020 vil Olav Kasland få bilete på veggen i kommunestyresalen i Bø, attmed dei andre ordførarane opp gjennom tidene. Han blir den siste ordføraren i Bø kommune.
Foto: Øystein Akselberg

Ordførar i Bø, Olav Kasland (Venstre), har sagt nei til nominasjonskomiteen om å stå på vallista til Venstre ved neste års kommuneval. Kasland seier at han sit som ordførar fram til 1. januar 2020. Frå den dato er han ferdig som både ordførar og som deltakar i kommunepolitikken i Bø. Jobb i politisk avdeling i Forbrukarrådet ventar då på han.
– Da har eg vore tolv år i politikken i Bø. Det er nok for både meg, kommunen og innbyggjarane i Bø, seier han.

Les eit lengre intervju med Kasland i dagens avis.