180322 Edelkunst Torhild Aavik og Erine Solberg

Telemark på veggen

Himingen. Erine Solberg (t.h.) i Edelkunst har laga kunsttrykk av Torhild Aaviks måleri av Himingen på Lifjell. Det og fleire bilete frå studentbedrifta Edelkunst er stilt ut på Husly.

Telemark på veggen og kunst til folket er studentbedrifta Edelkunst sitt mål. For biletkunstnar Torhild Aavik er studentprosjektet god hjelp for å få kunsten ut til publikum.

Fire av Aaviks flotte motiv frå Telemark er å finne på heimesida til Edelkunst og på veggane i kafeen Husly. Ikkje originalane som er akrylbilete i større format, men mindre nummererte og signerte kunsttrykk. MS Henrik Ibsen i Telemarkskanalen, Gygrestolen og Himingen på Lifjell er motiv på trykka som Edelkunst har laga i avgrensa opplag.

– Eg er ein introvert type og det å selja er vanskeleg. Det er som å selja sjela si, og det er ikkje så godt, seier Aavik, som blei kontakta av studentane med spørsmål om å vera med på prosjektet.

Les meir i papiravisa eller i e-avis på boblad.no.