180418 Russ

Sikkert vårteikn i Bø

Delar av årets russestyre i Bø. F.v. festsjef Eirik Haugen, togsjef Annika Momrak, økonomisjef Elise Meinstad, visepresident Eline Nesje, Bø, president Mats Rudshavn, revysjef Oda Aasland, økonomisjef Malene Hovde og tidlegare festsjef Håvard Lie. Foto: Gro B. Røiland   

Ser du raud- eller blåkledde ungdomar krabbe på knea frå kommunehuset i Bø til Sønstebøtunet, ja da veit du at 17. mai nærmar seg. Dei krabbande er årets russ på jakt etter russeknute.

Russen i Bø har hundre knutereglar å forhalde seg til. Ein knute russestyret framhever som viktigare enn andre, er den årlege innsamlinga til Kreftaksjonen. Årets russ samla inn over 95.000 kroner, noko som gjev ei mini-aksjonsbøsse til russelua.

Les meir om Bø-russen 2018 i papiravisa, i e-avisa eller kjøp avisa på buyandread.no