HEIAR PÅ SKARPHEDIN: Skarphedin idrettslag har mange støttespelarar gjenom grasrotordninga. Her er det god stemning på Sandvoll i ein cupkamp mot Odd frå Skien. Arkivbilde.
HEIAR PÅ SKARPHEDIN: Skarphedin idrettslag har mange støttespelarar gjenom grasrotordninga. Her er det god stemning på Sandvoll i ein cupkamp mot Odd frå Skien. Arkivbilde.

Sjå alle bileta frå fotballfesten på Sandvoll

Fotballfest. Mykje folk, perfekt vêr og god stemning på årets fotballkamp på Sandvoll.

Første runde i NM-cupen i fotball, 18. april 2018: Skarphedin – Odd 0-9 (0-3).
Publikumstal: 1.200

Årets cupeventyr for Skarphedin er over. Men det var ein skikkeleg bra fotball- og folkefest så lenge det varte. Eit stort publikum kosa seg i det flotte vårvêret og ramma rundt cupkampen var perfekt. Sjølve kampen blei ikkje særleg spennande sidan Odd laga sitt første mål allereie etter sju minuttar og leia 0-3 ved pause. Skarphedin yppa seg i starten og hadde faktisk to gode sjangsar tidleg i kampen, men det blei med det. Eit ungt heimelag jobba godt og har ingen grunn til å skjemmast for kampen. Beste Skarphedin-mann blei Jonathan Ladiszlaidesz. Tidlegare Skarphedin-spelar Elbasan Rashani kom inn for Odd i andre omgang og putta to av måla til Odd.

Sjå biletgalleri frå kampen her!